Sist laurdag var det duka for den tradisjonelle Brandasunddagen. Knut Berge Aarbø var til stades og har sendt ein rapport som følgjer nedanfor.

-Då me var ein snartur innom i Brandasund  lørdag 11 august, fekk me oppleva mykje fin kystkultur. Mange tilreisande med båt og bil, kikka på utstillingar og ulike varer frå fleire salsboder.
Eit produkt merka seg ut, og utrykket hamstring kan ein vel bruka på klippfisken frå Brandasund. Svært mange fylte fleire bæreposar med salta og tørka torsk, og vandra lykkelege rundt på kaiane etterpå.
Me tøffa vidare, og kunne høyra trekkspeltonar utpå. Andre vart glad for å finna ein ledig båtplass, fortel Knut Berge.