Fitjar sitt A-lag spelte ein kjempekamp og overkøyrde fullstendig Rosendal som fekk lite og ingenting til i Fitjar Idrettspark i ettermiddag.

– Fantastisk, strålar Rune Brakedal etter kampen.

– Alle jobba svært godt. Dette er ein lagsiger. Om det var nokon få som skåra måla, la dei andre til rette for at dei kunne gjere det, legg han til.

Trenar Kjell Træet, som sjølv spelte mest heile kampen er òg kjempefornøgd.

– Ein kjempekamp. Rett nok var Rosendal svak og dårleg organisert i dag, men me var flinke til å utnytte romma. Og så heldt me kjøret oppe heilt ut. Supert at me òg kunne la unggutane få prøve seg, seier han.

Om heile laget må krediterast for flott fotball, kan me ikkje anna enn nemna Thomas V. Waage og Jan Åge Tislevoll som skåra fire kvar og Lars Engelsen som gjorde hat-trick. Fleire av måla var skikkelege perler. Jan Åge skåra til dømes på brassespark, og Thomas skrudde ein corner rett i mål.

Det einaste som var litt skuffande var publikumstalet. Det er ingen grunn til å sitje heime når Fitjar storspelar slik dei gjorde i dag.