Brad White og Focus Quartet heldt ein fantasisk flott konsert i Fitjar for ei tid tilbake. Neste søndag kjem dei tilbake.

Brad White imponerte sist med både song og piano- og saxofonspel. Focus Quartet er ei av dei få gruppene på våre kantar som syng sørstatsgospel. Dei står òg som arrangørar for arrangementet saman med Terje Koløen. Sistnemnde vil òg delta på konserten som vil finne stad i Fitjar kyrkje 20. oktober.