Mariann Vestbøstad Marthinsen sumde i dag 50 m fri i Paralympics i London. Sjølv om ho ikkje kom til finale, kom ho inn på ei svært god tid.

Tida i forsøket vart 35,25. Det heldt altså ikkje til finale, men tida er 7/10 raskare enn det ho sumde på under fjorårets EM. Det lovar godt før tysdagen då ho skal symje spesialdistansen sin: 100 m rygg, les me på sida til Norges Svømmeforbund.