Bra med folk har møtt på fellesmøta i Øvrebygda skule som pinsemenigheten Stord/Fitjar og Øvrebygda bedehus står saman om. Møta fortset både laurdag og søndag kveld. Begge dagar kl. 19:30.

-Ja, det har vore bra oppmøte og kjekke møter, fortel Johan Tislevoll som representerer bedehuset. -Dette er forkynning me kjenner oss igjen i, og eg opplever at det er ein open og god ånd under møta, seier han, og fortel at Fijar Musikkforeining, Lars K. Vik og Kjell Haukefær har sunge på møta så langt. På søndag er Tore Arvid Vestbøstad som syt for songinnslaget.

Leiande eldste i pinsemenigheten, Jarle Karlsen, synest at det har vore fine møte med ein klår evangelisk bodskap. -I kveld vert elles «Israel og endetiden» tema på møtet, legg han til, og ønskjer alle vel møtt.