Tolvåringane til Fitjar tapte heimekampen mot Askøy 2 i dag, trass i god innsats.

Fitjar-gutane i 12-årsklassen spela ein bra kamp, men måtte tola tap 11-18 mot Asløy 2 i dag. Dei låg under med fire mål før dei karte å scora, og dermed var malen for kampen lagt. Det gjekk heile 12 minutt før Torstein Raunholm Kjelling klarte å scora Fitjar sitt første mål.

Andre halvdel av første omgang blei bra for Fitjar-gutane, og dei gjekk til pause på stillinga 5-10. Også andre omgang blei brukbar, sjølv om bortelaget frå Askøy etter kvart seig frå til 18-11 ved kampslutt.

Toppscorar for Fitjar blei Hafstein Runarsson med fem mål, medan dei andre heimemåla kom ved Torstein Raunholm Kjelling (4) og Jonathan Tranøy (2). Kampens finaste prestasjon stod Hafstein for då han avslutta første omgang med ein flott piruett og scoring. Han var ein av dei beste på banen i dag, til liks med dei andre målscorarane til Fitjar.  

Fitjar sitt lag (mål i parentes): Marius Strand (keeper), Fredrik Vik, Jonathan Tranøy (2), Jon Andreas Hopperstad, Hafsteinn Runarsson (5), Torstein Raunholm Kjelling (4), Håkon Sørfonn, Markus Gerhardsen, Sander Havn Nesbø, Morten Ivarsøy.