Harald og Onar Westerheim er blant deltakarane i NM for veteranar i Bjugn. Her kan lesarane våre få med seg det John Kvarme skriv om skeiseløparane frå Stord.

Veteranane frå Stord har vore ute og konkurrert igjen, denne gongen NM i Bjugn. Der beit dei godt i frå seg, sjølv med temperatur på minus 7 inne i hallen. Fin is, men ikkje den heilt store glien. I klassen Menn Veteran 65 slo Jan Henriksen til med ein flott 3. plass og bronse samanlagt, med bronse både på 500 M og 1000 M. Han fekk 4. plass på 1500 M og 8. plass på 3000 M.

Harald Westerheim gjorde eit sterkt comeback på nasjonalt plan, gjekk bare betre og betre utover i konkurransen: Nr 10 på 500 M, nr 9 på 1500 M, nr 8 på 1000 M, nr 6 på 3000 M og med ein heiderleg 7. plass samanlagt.

I klassen Menn Veteran 60 klarte Onar Westerheim bronse på 500 M og 4. plass på dei andre distansane, men det heldt likevel til bronse samanlagt, i ein knalltøff klasse.

Sistemann (minstemann) gjekk i klassen Menn Veteran 50. Han kom heim med sølv på 500 M, 3000 M, 1500 M og bronse på 5000 M. Men det var nok til sølv samanlagt. Og han som kallar seg minstemann er avsendar av e-posten, John Kvarme.

Resultatlista finn ein her. (PDF-fil)