Andreslåtten i Fitjar blei bra, men ikkje god nok til å kompensera for ein dårleg førsteslått.

I førre veke blei dei fleste bøndene i Fitjar ferdige med andreslåtten, og er berre så måteleg fornøgde med avlinga. Storfebøndene på Rydland fekk unna jobben i godvêrsperioden for eit par veker sidan. I Nedbygdo og andre stader ser me at bøndene har nytta godvêret mellom regnbyene og blitt ferdige litt etter litt.

Som kjent blei våren svært sein i år, og telen var ikkje heilt ute av jorda før utgangen av mai. Når me tenkjer på at det har blitt vanleg å starta førsteslåtten tidleg i juni, seier det seg sjølv at det måtte bli dårleg med gras. – Mai kulde gjør bondnes lader fulde, heiter det. Men det får vera måte på.

I førsteslåtten blei avlinga til bøndene på Rydland heile 30 % mindre enn vanleg. Håslåtten kunne ikkje kompensera for tapet, sjølv om den var rimeleg bra. Enkelte bønder i Nedbygdo melder om ei normal avling, medan Lars Ove Rimmereid ikkje er fornøgd. Han meiner førsteslåtten blei om lag 20 % dårlegare enn vanleg, og totalt endar han opp med rundt 10 % mindre gras enn i eit gjennomsnittsår.

Lars Ove seier at dermed manglar han ikkje meir fôr enn at flesteparten av dei 60 beista hans kan sjå hausten relativt lyst i møte. Det blir berre snakk om «naturleg avgang»; han skal slakta tre-fire kyr for å gi plass til nye kviger som kalvar utover hausten. Han har kjøpt litt grovfôr både i år og tidlegare år, men det blir dyrt på grunn av transportkostnadene. I tillegg vil nok Lars Ove kjøpa litt ekstra kraftfôr, noko som igjen gjer at kyrne mjølkar meir.

Lars J. Rydland fortel at storfebøndene på Rydland og Årbø også vil kjøpa litt meir kraftfôr enn vanleg. I tillegg vil dei kjøpa litt grovfôr, men det blir for dyrt å kjøpa nok til å kompensera for det tapte. Dermed blir dei nøydde til å redusera litt på besetninga, og kjem nok godt under 60 mjølkekyr i haust.