Ti av dei sprekaste sambygdingane våre i Fitjar innleidde det nye året med gateløp onsdag kveld.

Som vanleg var start og mål på banen i Fitjar Idrettspark. I dette tredje løpet i karusellen gjekk ferda forbi bensinstasjonen, opp til prestegarden og bort til Rimbareid skule, før det bar ned forbi Prestbø til Sentrum og vidare opp att gjennom Havnafeltet til idrettsparken.

Ikkje uventa blei Bård Inge Bø sterkast med tida 18,39 minutt i den 4,4 km lange løypa.

Resultatliste:

1. Bård Inge Bø, 18,39
2. Tor Henning Vestbøstad, 19,12
3. Dan Torbjørnsen, 20,54
4. Rolf-Atle Rolfsnes, 21,39
5. Kari Bjørndal Rydland, 23,50
6. Sigmund Sætre, 25,21
7. Anders Sætre, 26,30
7. Øyvind Skålevik, 26,30
9. Victor Aga, 28,26
DSQ Per Audun Kloster (27,09)