Bilcrossjuniorane Gisle F. Aarbø og Jonas K. Lønning har vore i Vikedal denne helga og henta heim dei siste pokalane for sesongen.

I går deltok dei i klubbløp i NMK Vikedal, med gode plasseringar. Best var Gisle med ein 4.-plass i A-finalen, medan Jonas måtte nøya seg med B-finalen, der han blei nr. 3. Det gav ein 8.-plass totalt i klubbløpet.

Søndag var det finalerunde i vestlandsmeisterskapen i bilcross. Her blei Jonas K. Lønning beste fitjarbu, med ein 3.-plass i B-finalen, og 8.-plass totalt. Gisle F. Aarbø var ikkje så langt bak; med sin 2.-plass i C-finalen blei han nr. 12 totalt.

Jonas Lønning fortel at alt har fungert rimeleg bra i helga. Ingen av bilane har blitt skamkjørte, og motoren hans har blitt litt sprekare etter dei siste justeringane. Bortsett frå nokre bulkar har dei ikkje opplevd nemnverdige uhell i helga. Og no har dei eit halvt år på seg å utbetra skadene.

Bilane treng ikkje vera klare til ny dyst før i april 2012. Då reknar begge bilcrossjuniorane våre med å vera på startstreken igjen, i ein ny sesong, fortel Jonas. Neste år fyller begge 18 år, og det er siste året dei kan kjøra i juniorklassen. Ole Vidar Helland i Fitjar Racing Team fortel at no er pokalhylla deira full, men han lovar å laga ny hylle i løpet av vinteren.