I denne bjørkelia bak Inste Klovskar gjel hanngaukane om kapp i desse dagar. Foto: Kjetil Rydland.

Rundt Botnavatnet gjel gauken for harde livet i desse dagar, så det er berre å ta turen opp dersom du synest det har blitt for lite gauk heime rundt husnovene.

Gauken er ein viktig fugl som signaliserer at sommaren er på veg. I år var gauken sein med å gi lyd frå seg. Me som høyrer godt, har gjerne lyst å høyra gauken dei første dagane i mai.

Om du er blant dei som har sakna gauken, veit me råd. Ta turen til fjells, så vil du garantert høyra ko-ko i liene rundt 3–400 meter over havet. Lyden av hanngauk som kallar på passande hogaukar kan du høyra nesten over alt i desse dagar, til dømes rundt Klovskarvatnet og Botnavatnet, 323 moh.

Å høyra gaken gala har alltid vore gjævt; gauken er ein fugl det er knytt ulike mytar til. Blant anna blei det sagt at han kunne spå om framtida. Og gauken kunne bringa lykke. Om du fekk høve til å koma deg under eit tre medan gauken gol frå treet, kunne du få tre ønskje oppfylt.

I måneskinet over Botnavatnet unnte hanngaukane seg knapt eit par timar pause. Foto: Kjetil Rydland.

Derfor er det vel nærmast utenkjeleg at du kan bli lei av å høyra gauken gala. Men ei overnatting under open himmel ved inste enden av Botnavatnet viste at det kan bli for mykje av det gode. Her kunne me høyra eit samanhengande kor av ko-ko frå liene mot Kidno, Klovskar og Litlebotn. Kor mange hanngaukar som kjempa om merksemda til komande «bruder», var uråd å telja.

Og dei unnte seg knapt tid til å kvila om natta; først i eittida roa dei seg litt. Men før klokka tre var dei i full gang igjen. Me får tru at galinga gir resultat, og at dei galande gaukane finn seg makar å para seg med. Til glede for komande gaukegenerasjonar, men ikkje til så stor glede for heipiplerka.

Ho er nemleg den vanlegaste vertsfuglen for gauken, og dette er nok grunnen til at gauken er så vanleg i bjørkebeltet på grensa til snaufjellet. Heipiplerka er den vanlegaste fuglen på fjellet hos oss.

Som kjent er gauken den einaste fuglen her i landet som er reirparasitt. Det vil seia at han ikkje fostrar opp ungane sine sjølv, men lar andre fuglar bli «fosterforeldre» til gaukungen. Norske gaukar overvintrar i Afrika, sør for Sahara. Dei vaksne reiser først, i juli/august, og ungane kjem etter vel ein månad seinare. Ungane finn fram på eiga hand til områda foreldra har reist til litt tidlegare.

Sjå meir om dette i Store norske leksikon.

Heipiplerke ved Botnavatnet. Foto: Kjetil Rydland.