-Vi manglar nokre få bøssebærerar og oppmodar fitjarbuen til å gå årets viktigaste søndagstur. Kontakt Fitjar Frivilligsentral (man – fre 08-15) tlf. 534 99091, eller på e-post: frivillig@fitjar.kommune.no, opplyser Ellinor Bergesen.

Bergesen rettar vidare ein hjarteleg takk til alle som allereie har sagt ja til oppdraget.

– Fitjar har i fleire år toppa listene i Hordaland med gjevarlyst per innbyggjar – og vi håpar sjølvsagt at dette fengjer fitjarbuene i år òg ! Ta godt imot bøssebærarane på søndag!, legg ho til, og minner om bøssehenting torsdag og fredag .

Her er meir om TV-aksjonen i år:

TV-aksjonen CARE 2009

Inntektene frå TV-aksjonen CARE 2009 går til verdas fattigaste kvinner og jenter. TV-aksjonen skal hjelpe fattige kvinner med å realisere draumane sine om ei betre framtid – ei sikker inntekt, betre helse, meir kunnskap, utdanning og kompetanse. Nøkkelen er ei særskilt form for mikrofinans basert på små spare- og lånegrupper som kvinnene sjølve styrer. Dette er annleis og effektiv bistand som kostar lite pengar.

Ei spare- og lånegruppe er i praksis ein liten sparebank, eigd og driven av kvinnene sjølve. Kvinnene, som ofte er analfabetar, lærer å spare pengar frå eiga lomme i ei felles sparekasse, for så å låne ut til kvarandre. På denne måten får dei mogleiken til å ta opp lån, ei teneste dei aldri har hatt tilgong på tidlegare. Pengane dei lånar brukar dei til å starte ei verksemd som gjer dei inntekt, som å dyrke grønsaker, investere i husdyr eller lage handverk som de kan selje på marknaden. Dei bruker pengane dei tener på elementære ting som skulegong for borna, helsetenester eller klede.  

 

Spare- og lånegruppene har òg ein annan funksjon utover det å spare pengar. Mange lærer å lese, skrive og rekne av CARE. I gruppa kan dei snakka fritt om vanskelege tema som hiv/aids, omskjering og kjønnsbasert vald, tema som ofte er omgjevne av tabu. Etter kvart utviklar det seg ei sterk samkjensle i gruppa. Dette kan òg bidra til auka demokratisering ved at kvinnene involverer seg i samfunn og politikk.

 

Ein lokal CARE-medarbeidar gjer kvinnene opplæring i korleis dei kan etablere og drive spare- og lånegrupper på bærekraftig vis. Rettleiaren følgjer opp gruppene til dei er sjølvdrivne etter 12-18 månader. Dette er bistand som fungerer og varer ved, sjølv etter at CARE har trekt seg ut.

 

Pengane frå TV-aksjonen 2009 skal gå til å starte opp titusenvis av spare- og lånegrupper som vil hjelpe ein million kvinner med å realisere draumar og håp for framtida, ved å gje dei mogleiken til å klare seg sjølv økonomisk.

Kort sagt:
TV-aksjonen CARE skal bidra til å gjere verdas fattigaste familiar i stand til å klare seg sjølv. Gjer du til ei kvinne, hjelper du ein heil familie.