Lesarbrev: Då kortesjen var kjørt og folk hadde gått, låg det strødd med boss på flytebrygga i Fitjar sentrum. Eg er heilt sikker på at mykje som låg der, no ligg i havet.

Av: Rannveig Sele

På 17. mai var eg på Larsenkaien for å sjå på båtkortesjen. Eg hadde kjøpt softis og sku hive skjeia og begeret etterpå. Eg gjekk for å sjå etter eit bosspann, men fant ingen. Einaste eg fant var ein kontainer, men den var låst. Eg gjekk derfor opp til mixen for å hive det.

Det såg ut som det kun var eg som gadd å gjere dette. Då kortesjen var kjørt og folk hadde gått, låg det strødd med boss på den flytebrygga me sto på, ein meter frå sjøen. Som hadde blitt fyllt av boss med eit lite vindkast.

Har ikkje kommunar med sjøgrense ansvar for å hjelpe innbyggjarane/gjestene sine å få bosset der det skal? Eg er heilt sikker på at mykje som låg der, no ligg i havet. Dette kunne vært unngått eller i allefall minimert, hadde kommunen tatt det ansvaret det er å ha ei kystlinje på alvor. Haldningskampanjer og bosspann tilgjengeleg på plassar der det ofte er menneske, burde vore eit minimum. 

Eg kunne glatt stått i bunaden å plukka opp bosset etter andre, men eg hadde verken hansker, poser eller ein plass å hive det etterpå. 

Det hjelper lite å ha ein TV-aksjon til inntekt for å rydde boss i havet, når bosset ikkje blir stoppa frå å havna i nettopp havet. 

Då eg var på Hvaler i fjor sommar hadde Hvaler kommune ein plansje med oversikt over kor mange år ulike material brukte på å løyse seg opp i havet. Ved plansjen låg det ein rull med søppelposer og det sto ein kontainer på p-plassen. Her var det lagt opp til at gjestane kunne ta med seg poser og rydde då dei gjekk på tur. 

Dette er første kommunen eg har sett som verkelig har tatt bossproblemet på alvor, og dei fekk gjestene og innbyggjarane med på å rydde sammen med dei! Noko å tenke på for Fitjar kommune også!