I  føremiddag kom bosbilen utfor vegen på Nesbø og la seg på sida.

Då bosbilen var rundt og samla papir i dag formiddag gjekk det gale. Bilen kom utpå kanten på den smale vegen til Nesbø og tippa over på sida. Det gjekk heldigvis fint med sjåføren. Han sat på same sida som bilen vart liggjande på og måtte knuse frontruta for å kome seg ut.

 

Avdelingsleiar Jan Innvær ved SIM Næring fortel at redningsselskap er kontakta. Han meiner det vil verta ein del arbeid å få bilen på rett kjøl att.

 

Etter uhellet kom ny bosbil på plass, og sjåføren køyrde ferdig den oppsette ruta, 2-3 timar forsinka.