Ein SIM-bil var uheldig på glatten, og hamna utfor vegen på Hovland tidlegare i dag.

-Eg var inne på Hovland i dag og fekk sjå ein uheldig bil på glatten. Denne bilen frå SIM transport hadde vore nede ved sjøen og henta bos, då det gjekk gale på veg opp igjen. Det kom redningsbil frå Haugesund for å prøva å dra han opp då eg forlot plassen, fortel  Vidar Spissøy til fitjarposten.no