Små og store samla seg til familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag føremiddag. Tema for gudstensta var misjon, og ungar frå Tysdagsklubben i Øvrebygda deltok aktivt. Gudstenesta starta med prosesjon med flaggborg, dåpsfylgje og prest, medan kyrkjelyden stemde i den tradisjonelle og kjende misjonssongen Din rikssak. Tysdagsklubben i Øvrebygda stilte ikkje berre med 11 flinke flaggberande, dei hadde og flinke ungar som hjalp presten med dåpspåminninga og dei stilte med forsongarar. Sokneprest Olav J. Oma heldt ei engasjert preik om den store fiskefangsten og Jesus som kalla Simon til å verta menneskefiskar. Det vart teke opp eit misjonsoffer som skal gå til Sunnhordlandsaksjonen til Det norske misjonsselskap. Sunnhordlandsaksjonen er ein årviss aksjon med gudstenester og møte i ulike kyrkjer og bedehus i området. I år går pengane som kjem inn gjennom Sunnhordlansaksjonen til ein Bibelskule i Hong Kong og ein Bibelskule i Kina, samt til kristen litteratur i desse landa.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med noko enkelt søtt å bita i, og saft til dei yngste som ikkje ville ha kaffi.