Dessutan var det borna som deltok mykje i programmet under gudstenesta.

Då kyrkjeklokkene ringa klokka elleve, var det utruleg stille i kyrkja og mange benkerader var fylte med barnehageborn. Sokneprest Olav Oma uttrykte glede over at ein ny barnehage var representert denne dagen, nemleg Dåfjorden. Dei andre barnehagane har delteke tidlegare: Fjellheim, Aarskog, Fitjarstølane og Bakken. Songen Nå er den hellige time vart sungen før ljostenning. Tre born frå Fitjarstølane tende kvar sine ljos medan alle dei andre song adventsversa. Born i soknerådet sin barnehage framførde eit julespel dette året også. Det er utruleg kor flinke desse små er til å ha ulike roller som helst går ut på song og rørsle. Det krev nok mykje øving og stort tolmod både hos born og vaksne. Me fekk sjå Josef og Maria dra til Betlehem. Gjetarane var på plass, det same med dei tre vise menn og englane som song om fred og glede.

Olav Oma heldt ei kort preik om Jesus som er lyset i verda, og då brukte han borna sine teikningar som illustrasjonar. Sideveggene var vakkert dekorert med ljos og stjerner.

– Lat oss hugse at Jesus er ljoset i verda når me tenner ljos i advent og juletid, og det er jo difor me feirar jul, sa soknepresten til slutt.

Eit stort kor av born frå dei andre barnehagane stemde i Eit barn er fødd i Betlehem og Eg er så glad kvar julekveld. Det kom tydeleg fram at dei likar å syngje og teksten kunne dei godt.

Alle er nok samde med soknepresten då han understreka kor flott det er å sjå og høyre det borna framfører, og han la til:

– De er flinke til å vere stille når yrkjeklokkene ringjer!

Gudstenesta vart avslutta med ein kjend og kjær julesong Å jul med di glede og barnlege lyst. Dei vaksne, deriblant mange besteforeldre, var også med og song så det ljoma i kyrkja.