I dag hadde elevane på Rimbareid skule besøk av representantar frå SOS Barnebyer, og fekk mykje takk for god hjelp.

Skulen samla dei aktive elevane i 5.-7.-klasse i hallen for eit møte med to takknemlege nestleiarar i SOS Barnebyer Hordaland, Anne-Lis og Rune Øvrebotten. Begge er pensjonerte lærarar, og har jobba over 20 år i organisasjonen. På vegner av dei aktive elevane tok Svanhild Vestbøstad og elevrådet imot eit stort diplom som takk for flott innsats.

Dei siste åra har elevane på mellomsteget ved Rimpareid skule samla inn litt over 25 000 kroner i året til SOS Barnebyer. Dette synest naturlegvis rektor Siv Grete Stamnes er strålande. Ein gong i året har elevane invitert foreldre, tanter og onklar og andre vener og familie til basar i skuletida. I tillegg har mange elevar skaffa pengar til SOS Barnebyer gjennom såkalla Omvendt julekalender.  

Over 30 000 elevar frå skuleklassar over heile landet er med på dette konseptet, som har gitt 1,5 millionar i fjor. Det er ei luke for kvar skuledag i desember, og elevane blir oppmoda til å gjera ein liten julejobb heime, t.d. husarbeid eller gå tur med hunden. Beløpet som dei får inn blir samla inn anonymt i klassen og blir så sendt til SOS Barnebyer. Ein del av pengane i år vil gå til akutt hjelp til barn etter tyfonen på Filippinene.

I dag fortalte nestleiarane i Hordaland om den austerrikske medisinstudenten Hermann Gmeiner, som grunnla SOS-barnebyer i 1949, og om arbeidet rundt om i verda. Gmeiner lærte tidleg kor viktig omsorg er for eit kvart barn, etter som han sjølv miste mor si som femåring. Etter 2. verdskrigen blei mange barn foreldrelause, og Gmeiner ønskte å  hjelpa dei.  

Trass i mykje skepsis frå barnevern, styresmakter og pressa, fekk han etter kvart støtte i kommunen Imst i Tyrol. Med god hjelp frå kommunen og faste bidragsytarar bygde han fleire hus der han kunne gi foreldrelause barn ein ny familie. Etter kvart kom det SOS Barnebyer i fleire europeiske land, og den første utanfor Europa blei oppretta i Korea, der mange barn hadde blitt foreldrelause etter krigen.

Rune Øvrebotten fortalte den spanande soga om korleis Gmeiner fekk ideen til finansiering av den første SOS Barnebyen i Korea. Han fekk riskorn av ein gut i Korea med ønske om ”sunnhet, fred og eit langt liv”, og då han kom heim, limte Gmeiner eitt og eitt riskorn på papp. Korta selde han for ein dollar per stykk, og fekk på den måten pengar til å byggja den første barnebyen utanfor Europa, i Daengu i Sør-Korea. Fleire asiatiske land kom etter Sør-Korea, og deretter Amerika og Afrika. Då han døydde i 1986, hadde ideen hans om at alle barn treng ein familie, blitt til 233 SOS-barnebyar i 85 land.

Elevane engasjerte seg i den levande framstillinga, og deltok aktivt i diskusjonen etterpå. Noko som gledde dei to nestleiarane frå SOS Barnebyer. – Det er ein viktig jobb der gjer, sa Rune Øvrebotten, skulane og elevane er dei viktigaste hjelparane me har!