I samband med Noregs Bondelag sin vårkampanje har styret i Fitjar Bondelag utnemnt ni lokale ”Bondevenner”.

Styret hadde ei enkel samkome på Fitjar vidaregåande skule onsdag 17. april, der fylgjande blei utnemnt som bondevenner.

Anna Bodil Hestenes Tislevoll
Tidlegare rektor v/Fitjar vgs. Ho har markedsført godt lokale råvarer i opplæringssamanheng.

Leif Helge Engelsen
Rektor v/Fitjar vgs som har fortsett i same gode trend som Anna Bodil Hestenes.

Martin Nysæther
Pådrivar for lokale matarrangement og også med på å utvikla nye matprodukt basert på lokale matvarer.

Margareth Tislevoll
Kokkelærar på Fitjar vgs og leiar i Slowfood Sunnhordland, har alltid vore samarbeidsviljug innan utvikling av meny/oppskrifter med lokal mat.

Wenche Tislevoll
Ordførar i Fitjar som framsnakkar matproduksjon i Fitjar og alltid stiller opp når me ynskjer det.

Audun Inge Torvund 
Tidlegare landbrukssjef i Stord/Fitjar. Han har heile sitt yrkesaktive liv arbeidd for gode kår for bøndene. Er ressurssterk og kunnskapsrik.

Odd Sverre Larsen
Alltid «på hugget» og positiv til samarbeid. Oppmuntrande og pådrivar for lokalmat.

Odd Bondevik
Dagleg leiar i Fitjar Meieri, har heile tida i FM arbeidd for at bøndene skal få gode og rimelege driftsmiddel.

Fitjarposten v/redaktør Håkon C. Hartvedt
er alltid positiv til bønder og skriv utfyllande og fagleg gode reportasjar om landbruket i Fitjar.

Alle bondevennene fekk utdelt diplom, T-skjorte og litt utfyllande informasjon. Utdelinga blei gjort av leiar i Fitjar Bondelag Reidar Kloster.