Norges bondelag meiner bøndene står føre eit historisk jordbruksoppgjer, og "kuppa" i dag 55 norske lokalavisar.

Norges bondelag ynskjer å få fram kor viktig det er å ha eit levande landbruk i landet vårt, og markerer det i dag ved å fortelja om dette under "tjuvlånte" logar frå ulike aviser.

Norske bønder har sakka akterut i inntektsutvikling og  kostnadene i produksjonen har auka dramatisk. Bondelaget meiner det er viktig med eit levedyktig norsk landbruk som kan skaffa forbrukarane trygge, mangfaldige, smakfulle  og sunne matopplevingar, og at det no er tid for å gje bøndene ei ramme som gjev betre utsikter for norsk landbruk.