Mini-husdyrutstilling i sentrum

På den nye, fine plenen ved sida av «Operahuset» var det høve til å sjå fleire sortar husdyr, som vekte interesse særleg hos borna. Ein utegåande gris er ikkje daglegdags, men kalv, geiter og lam ser me på beite rundt omkring. To gjæser og kaniner var og på plass. Elles var det mange som fekk seg ein køyretur med hest og kjerre frå Stall Tufte. Me støttar Bondelelaget når dei oppfordrar til å satse på auka norsk matproduksjon.