Stortinget gjekk i kveld imot regjeringa sitt framlegg om å stoppe bompengeinnkrevjinga på ferja Sandvikvåg-Halhjem.

Stortingsvedtaket vart gjort med 54 mot 49 stemmer. Dermed er det duka for vidare arbeid på fv. 545. Noko som lovar godt for betre vegløysing i Fitjar sentrum, Rimbareid og Rydland. – Flagget til topps i morgon, seier ordførar Wenche Tislevoll spontant til sunnhordland.no.

Les meir her.

Ingressbilete: Det vert bompengar på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem to år til. Pengane går mellom anna til utbetring av veg på Fitjar. Arkivfoto: FP/HCH