Det var i kveld brann i eit vogntog i Bømlafjordtunnelen.

Det var klokka 21.29 i kveld at det vart meldt om sløkt brann i eit vogntog i Bømlafjordtunnelen mellom Stord og Sveio. Sjåføren hadde sjølv sløkt brannen som etter førebels opplysningar, hadde oppstått under førarhytta på vogntoget.

– Då politiet kom på plass klokka 21.53 stod den sørgåande trailaren nokre hundre meter inni tunnelen, på Sveio sida. Men tunnelen er no open, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg til fitjarposten.no.