I en melding på politiloggen, som blei sendt til fitjarposten.no kl. 17.45, heiter det at Bømlafjordtunnelen er stengt. Det er enno uvisst når han blir opna att.
I følgje politiloggen er det tre grunnar for stenginga:
1. Det blei rapportert inn til politiets operasjonssentral i Haugesund om eit framandlegeme som låg i vegbanen, restar av ein dekkbane eller liknande.
2. Det blei ved inspeksjon av tunnelen, i samband med dette, avdekka at nokre plater i taket på tunnelen hadde slitt seg og hang laust.
3. Det blei samtundes påtruffe ein tankbil i tunnelen som hadde fått driftstans på grunn av mekanisk/teknisk svikt, sannsynleg i ein drivstoffpumpe.
Politi og brannvesen vart sendt til staden.
Tunnelen vart opna igjen i ein periode på 45 minutt, etter at han var stengt tidlegare i dag, men på grunn av at tungberginga tek mykje plass, har ein sett seg nøydde til å stengja han att, opplyste Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til fitjarposten.no, kl. 19.50. Tankvogna var då i ferd med å bli taua ut. Høge avgass-verdiar gjorde at dei òg måtte få opp personbilar som var nede i tunnelen.