Evangelistens forlag og dotter til evangelisten Konrad Landro var med på bokslepp i Fitjar bedehus onsdag kveld.

Boka «Med Trekkspill og Bibel» er skriven på oppdrag frå Evangelistens forlag. Onsdag kveld møttest redaktør Kurt Urhaug i forlaget, Håkon Hartvedt og Hagaviktrioen til bokslepp på Fitjar bedehus. Den kjende trioen består av Sølvi Hagevik, Ingunn Nøkland og Ellen Haugland. Sistnemnde er dotter av songevangelisten Konrad Landro.

Rundt 30 fann vegen til bedehuset for å høyra om bokprosjektet, og ikkje minst for å høyra den vakre songen til dei tre damene i Hagaviktrioen. Også Håkon song, og fortalte på sin humørfylte måte om arbeidet. Redaktør i Evangelisten, Kurt Urhaug, tok kontakt med Håkon for rundt eitt år sidan. Om bakgrunnen for bokprosjektet sa han blant anna: – For oss som har opplevd Konrad Landro på nært hald, ville det vore kjekt om fleire hadde fått del i dette.

Urhaug var svært godt fornøgd med resultatet av arbeidet. Håkon har fått med mange av dei morosame historiene, mykje lått og løye, som Konrad Landro var kjend for. Men boka var først og fremst eit vitnemål om Guds leiing, presiserte Kurt Urhaug. Dette er i hovudpersonen si ånd. Konrad Landro såg på seg sjølv som ein alminneleg mann, og ønskte at boka skulle vera eit vitnemål om Jesus. Urhaug meinte at i så måte hadde boka blitt slik som både han og Konrad Landro hadde vona. – Boka har ein lett penn og er sydd fint saman av Håkon, sa Urhaug, som er glad for at dei gode forteljingane har blitt tekne vare på for dei som kjem etter oss.

– Boka har gjort noko med meg, sa Håkon. I går fekk han hjelp av Ellen Haugland, dotter til Konrad Landro, med å gi eit levande bilete av den 92-årige songevangelisten. Dottera fortalte om ein far som hadde vore mykje borte frå heimen i barndommen hennar, men òg om tryggleiken som faren spreidde. I Landro si ånd var så avgjort songane som Hagaviktrioen gledde møtelyden med. Blant andre «Bare stol på Gud» og «Fader i Himlen, deg vil jeg love».

Kurt Urhaug og Hagaviktrioen fekk med seg kvar sin CD «Mimreviser frå Fitjar» av Tora Vestbøstad. Neste bokslepp for Håkon blir komande søndag i Frikstad bedehus i Kristiansand. Det er her Konrad Landro høyrer til, og Håkon vil vera til stades og signera bøker etter det ordinære føremiddagsmøtet i bedehuset.