Dåfjorden fekk populært besøk måndag morgon, då bokbåten «Epos» la til ved Dåfjorden Slipp, og tok imot elevar og lærarar frå Sælevik skule.

Han kom på mange måtar til sine eigne, den tradisjonsrike bokbåten «Epos», då han la til i lag med ein liten armada med veteranbåtar som ligg til reparasjon ved det gamle vervet i Dåfjorden. Bokbåten har segla rundt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i snart 50 år. Skipper og eigar Svein Ivar Vinnes fortel at den 85 fot lange bokbåten blei bygt ved Fjellstrand i 1963, som den første aluminiumspassasjerbåten i verda.

Bokbåten «Epos» er den einaste bokbåten i Noreg, og besøker om lag 180 stader i dei tre vestlandsfylka to gonger i året. Båten har eit mannskap på fem-seks personar, ein skipper, ein maskinist/kokk, to-tre bibliotekarar og ein underhaldar eller to. I bokhyllene om bord er det plass til mellom fem og seks tusen bøker. Desse er sikra med aluminiumsstenger, ein smart patent som gjer at bøkene held seg på plass i hyllene sine også i dårleg vêr.

Men måndag morgon var vêret retteleg idyllisk då dei la til kai ved det gamle vervet som no heiter Dåfjorden Slipp, og driv stort i restaurering av veteranbåtar. Skipper Vinnes fortel at dei hadde gått utaskjers frå Skjeret i Brandasund til Espevær i helga. Rundt 30 elevar frå Sælevik skule fekk seg ei spanande stund om bord på «Epos» i dag. Dei fleste såg ut til å finna noko av interesse, og lånte seg kvar si bok. I tillegg fylte dei opp kassar med bøker som dei kan ha på skulebiblioteket til neste gong bokbåten kjem innom.

I tillegg til utlånsverksemda plar bokbåten ha eit kulturprogram om bord. I dag hadde dei med seg Per Josten Aarsand frå Fortellerhuset i Oslo. Han har reist rundt i landet i mange år med ymse forteljingar for barn og vaksne. At han har evne til å fengja både ungar i barneskulealder og vaksne fekk me eit godt prov på i dag, då han framførte «Morosame minne og skumle skrømt».