Tittelen fortel kva temakvelden i Fitjar kyrkje 26. september skal handla om. Då kjem mellom anna Fitjar sin svært anerkjende bokdesignar, Aud Gloppen, til heimbygda.

Aud Gloppen er som kjent oppvaksen på Fitjar og er grafisk designar og professor i typografisk design. Særleg er ho kjend for si utforming av bokomslag og tidsskrifter. Ho står bak utforminga av den skjønnlitterære utgåva av «Bibelen» «Knut Hamsuns samlede verker». Ho har vorte heidra med gull, sølv og diplom i «Årets vakreste bøker». Mellom anna fekk ho gull for utforminga av Bibel i 2012 og for Anne Franks dagbok i 2011. – No er ho designar i Blæst design og er nytta som gjesteførelesar og kurshaldar ved kunsthøgskulane i Oslo og Bergen. Ho har også vore sensor ved ESAG Penninghen i Paris.


Barbro Thomassen er visuell kunstnar og forfattar. Ho er ein aktiv utstillar i inn- og utland. Ho arbeider med ulike media som skulptur, installasjon, land, artteikning og foto. Ei rekkje av hennar arbeid er å finne i offentlege rom.


Tore Thomassen er musikar og har arbeidd med tekstar og musikk som frilans det meste av sitt yrkesaktive liv. Han har levert atskillig mykje stoff til eige og andre sitt bruk. Han har gjeve ut 13 plater og har halde utallige konsertar. Tore syng nyskrivne og tidlegare utgjevne songar, mellom anna eit par som kjem i den nye salmeboka.


På temakvelden vil Aud fortelja om deisgnarbeidet ved hjelp av bilete på storskjerm. Det vert også ei bokutstilling av bøker ho har designa. Barbro vil snakka om bilete og skriveprosess og lesa litt frå bøkene sine. Aud Gloppen og Barbro Thomassen vil på ulike måtar syna korleis ei bok vert til. Tore Thomassen vil krydra det heile med songar han sjølv har laga.