Bokomslaget til praktverket om Inge Halstensen.

Håkon C. Hartvedt og Fitjarposten Forlag kjem i desse dagar ut med ei rikt illustrert bok om lektoren, fiskaren og reiaren Inge Halstensen frå Bekkjarvik.

Tidlegare redaktør i Fitjarposten, Håkon C. Hartvedt, ligg ikkje på latsida, sjølv om han har gitt seg som redaktør i nettavisa. Han driv framleis Fitjarposten Forlag, der han i 2018 gav ut heile seks bøker.

«Samfunnsbyggjar med Hauge i bagasjen.»

I fjor blei det ingen bøker, og årsaka til det er at Hartvedt heilt sidan vinteren 2019 har arbeidd med ei praktbok om Inge Halstensen frå Bekkjarvik.

Boka har talande nok fått tittelen «Samfunnsbyggjar med Hauge i bagasjen. Ei bok om Inge Halstensen.» Dette er ei storsatsing frå den driftige redaktøren Håkon C. Hartvedt, om den ikkje mindre driftige austevollingen – og tidlegare fitjarbuen – Inge Halstensen.

Inge Halstensen trivst framfor Fiskarjento på hamna i Bekkjarvik, med «Hengjo» i bakgrunnen. Foto: Kjetil Rydland.

«Ei prakatbok prega av kvalitet»

Etter å å sett gjennom boka, må me seia oss samde med Svein Kåre Meling, leiaren i Sunnhordland Senioruniversitet:

Boka tek oss med på ei reise prega av opp- og nedturar, fortviling og framtidstru. Me får møta ekte menneske med arbeidskraft og -lyst, vågemot og, framfor alt, pågangsmot. Ikkje minst blir me kjende med heidersmannen Inge Halstensen, lektoren, fiskaren, reiaren og samfunnsbyggjaren trygt forankra i haugiansk ånd. Boka er eit ærleg vitnemål om livet i eit fiskarsamfunn, og vil utvilsamt vera interessant for lesarar langt utover Austevoll. Ho er velskriven, har mykje informasjon og ei mengd gode bilete. Alt i alt ser eg dette som ei praktbok prega av kvalitet både i tekst og bilete.

– Vi kom over eit rikt bildemateriale, fortel ein oppglødd Håkon Hartvedt i Fitjarposten Forlag, og boka har derfor blitt en praktbok. 

Denne påstanden det ikkje å vanskeleg å slutta seg til. Boka skildrer Inge Halstensen som lokalpatriot, organisasjonsmann og samfunnsbyggjar. Ho er rikt illustrert med bilete både frå nyare og eldre tid, av Bekkjarvik, båtar, mannskap, familie og til dels svært dramatiske hendingar.

Lansering både i Bekkjarvik og på Fitjar

Boka vil vera i handel ein gong i oktober, lovar Håkon C. Hartvedt, og legg til at lanseringa blir måndag 12. oktober i Bekkjarvik Gjestgiveri. Forfattaren vil bli å treffa på Fitjar onsdag 14. oktober under lansering i Kultursalen.