– Slik den globale utviklinga ser ut, er det viktigare enn nokon gong at me tek vare på og utviklar norsk landbruk for å sikra produksjon av sunn og kortreist mat.

Det var ordførar Harald Rydland som sa dette under gårsdagens markering av bodstikkestafetten i Fitjar. Då bodstikka kom til gards hos Sverre Sæterbø i dag – på ein gammal John Deere traktor – var ordføraren på plass i tunet saman med tre andre inviterte alliansepartnerar for Fitjar Bondelag. Får Samarbeidsrådet for Sunnhordland møtte dagleg leiar Gro Jensen Gjerde, frå Fitjar vidaregåande skule rektor Anna-Bodil Hestenes Tislevoll, og frå Slow Food Sunnhordland møtte Solveig Thomassen.

Leiaren i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, minte forsamlinga på at jordbruksproduksjonen i Fitjar er større enn nokon gong. Til dømes har Fitjar den største eggprodusenten i Hordaland, og i løpet av året vil me få ein av dei største grisehaldarane i fylket. Om nokre veker fyller Sverre Sæterbø opp det nye grishuset sitt. Men alt er ikkje rosenraudt i jordbruket, verken i Fitjar eller i resten av verda. Matfatet til verda blir tømt, samtidig som me står overfor store klimautfordringer og en kraftig folkeauke. Berre i Noreg vil me vera 1 million fleire om 20 år.

Dette er bakgrunnen for den landsomfemnade bodstikkestafetten til Norges Bondelag. Om 20 år vil me trenga mer jord for å brødfø befolkninga. Verdas matfat er truga, og alle land må bidra med sitt. Bøndene seier dei står klare til å bretta opp ermane. Men dei seier dei treng meir jord å dyrka mat på, og rammevilkår som gjer at neste generasjon ser det som attraktivt å ta over. Forskarar har rekna ut at matproduksjonen på verdsbasis må aukast med 40 prosent de neste 20 åra. I Norge må vi også auka matproduksjonen kraftig, om me skal følgja med folkeauken, og helst auka sjølforsyningsgraden.

Bondelagsleiar Reidar Kloster minte om den nye Landbruks- og matmeldinga som kjem til Stortinget i vår. Den skal setja rammene for matproduksjonen vår dei neste 10–15 åra, og bøndene ønskjer å ansvarleggjera norske politiakrar, både lokalt og sentralt. Skal me brødfø det norske folket, må me produsera meir mat. Til det treng me meir areal, og bønder til å gjera jobben.

I det nye grishuset til Sverrre Sæterbø heldt ordførar Harald Rydland ein kort tale, der han takka Fitjar Bondelag for tiltaket. Han meinte me treng å vekkjast av og til – me tar det så altfor sjølvsagt at det er mat i kjøleskapet. Rydland trekte fram vinnaren av Sofieprisen 2011, Tristram Stewart, som har vore sterkt framme i det norske mediebildet denne veka. Han fekk prisen for å setja fokus på kasting av godt brukbar mat, ved å metta 5000 menneske i London med mat som skulle kasserast.

– Det er viktigare enn nokon gong å utvikla norsk matproduksjon, som ikkje kan sleppast laus til marknadskreftene, meinte Fitjar-ordføraren. Det er nødvendig å ansvarleggjera politikarane meinte han, og minte møtelyden på at jordbruk og fiske har blitt kalla primærnæringar, altså dei viktigaste næringane. Ordføraren meinte landbruket må vera ei politisk styrt næring. – Det er avgjerande for norsk landbruk si framtid at politikken dei kommande åra vert utforma slik at unge og flinke folk finn det givande å satsa på ei framtid i landbruksnæringa, sa han til slutt i støtteerklæringa si.

Etterpå fekk dei andre allianseparterane ordet med sine støtteerklæringar, som blei skrivne inn i bodstikka. Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland la vekt på lokal verdiskaping, landskapspleie, busetnad og aktivitet i bygdene.

– Sunnhordland Slow Food ynskjer å visa at dei samarbeider med Bondelaget for god, rein og rettvis mat lokalt, sa Solveig Thomassen, som vil støtta bøndene i arbeidet med å fremja det lokale matmangfaldet. I støtteerklæringa si la Fitjar vidaregåande skule vekt på auka sjølvforsyning og satsing på lokal mat. Dei ønskjer å bruka lokale råvarer og vera med på å halda oppe landbruket i distrikta.

Seremonien blei avslutta ved at Reidar Kloster las opp bondelaget sin appell før bodskapen blei rulla saman og sendt vidare til Austevoll. – Landbruket i Fitjar er i dag ei stor og viktig næring. Fitjar Bondelag ber om at landbruksmeldinga vil laga rammebetingelser som kan slå gnist i ungdomen, og at me kan metta anda fleire munnar i framtida, sa bodelagsformannen.

Bodstikkestafetten skal enda opp i ei stormønstring i Oslo 12. april. Då når dei fram, alle dei 40 bodstikkene som har gått parallelt gjennom landet.

Meir om bodstikkestafetten kan du lesa på heimesidene til Norges Bondelag: