Dei kom i går og skal vera til i morgon. Rundt 50 bobilar har funne vegen til Fitjar Sjø og Camping. – Ein super plass, seier mange av dei erfarne bobilentusiastane til fitjarposten.no.

Kjende trekkspeltonar i valsetakt møter oss i det me svingar av frå vegen mot Kråko og inn på Fitjar Sjø og Camping i ettermiddag. Og der står dei tett i tett, bobilane. Både på parkeringsplassen utanfor selskapslokala og på plassen ovanfor finn me dei. Bobilar i forskjellige utgåver.

Like er heller ikkje folka som bur i dei. Men eitt har dei felles, noko som òg kjem til uttrykk bakpå t-skjortene fleire av dei går med: Bobil er topp! Eller: Bobilen er vår livsstil, som det står på t-skjorta til Sveinung Malkenes. Vi treff han i lag med ein gjeng som sit og kosar seg mellom nokre av bilane, ein lun plass i vinden som elles kunne vore litt irriterande.

I gruppa er òg Egil Atle Leirgulen, leiaren for treffet og ein av pådrivarane for å få det til Fitjar. På bobiltreffet er det folk frå Stavanger i sør til Radøy i nord. – Me rekna med at me hadde plass til 50 bilar, og det vart ganske snart fullteikna, seier Leirgulen.

Inne i selskapslokalet har Randi Dalen har dekka opp til 80 personar. Fiskesuppe og reker står det på menyen. Og det var ikkje vanskeleg å fretta ut mellom bobilfolket at dei gledde seg til nettopp det. Det vankar skryt både til Randi og campingplassen.

– Kva er det beste med å bo i bobil?, spør me.

Gjengen nøler ikkje med svaret. Me får kjapt tre punkt: – For det første er du fri og frank. For det andre kan stoppa når og kor du vil. I tillegg har du alt du treng med deg til eikvar tid, let det, med entusiasme i stemmene.

Mannen som trakterte trekkspelet då me kom, heiter Torgils Våge og er i frå Varaldsøy. Han spelar ikkje berre i valsetakt. Gamle slagerar og kjende songar er det  tydelegvis mange av på repertoaret hans. Det er mest som om me gløymer at ferien med sol, strand, bryggjer og svaberg er over når tonane slik, heilt i sjøkanten, får smyge seg mjukt mellom oss.

Dei fleste i gruppa der trekkspelaren sit er frå Varaldsøy, slik som han sjølv. Men Jorunn og Eirik Myksvoll frå Radøy er òg å finna der. Dei har vore med i Norsk Bobilforeining, som i dag tel 10 000 medlemer, i 25 år.

Då er det ikkje verst å få med seg at tilhøva både med omsyn til sanitærforhold og korleis plassen ligg til, er noko av det beste dei har opplevd – Svært bra, seier dei.

– Men skiltinga til plassen er dårleg. Det må ein få gjort noko med, legg både dei, og andre, til.

(Får å få bileta større, kan du klikka på dei.)