Startskotet går for den første trialtlon i Fitjar, og ni sprekingar kastar seg i Storavatnet. Foto: Kjetil Rydland.

Måndag ettermiddag blei det første triatlonløpet i Fitjar arrangert frå Birkelund på Tveita, og dei to første i mål var ikkje uventa to blad Bø.

Bård Inge Bø kom først i mål under det beinharde løpet, men sjølv utropar Bø senior unge Johannes Sandvik Bø på 13 år til den moralske vinnaren av den store styrkeprøven i ruskavêret. Ungdommen hadde nemleg misforstått kor han skulle kasta sykkelen, og var i klar leiing då han steig av i Rimbareidfeltet og begynte å springa.

Den moralske vinnaren, Johannes Sandvik Bø, har kome seg på sykkelen att, og leier løpet saman med far sin. Foto: Kjetil Rydland.

I mål ved Mølle B12 var Bård Inge Bø først på tida 39,30, vel eit halvminutt føre son sin. Nina Aarbø Olsen vann kvinneklassen om lag eit halvminutt bak Johannes Sandvik Bø. Alle dei ni deltakarane fullførte løpet på under 50 minutt.

Konkurransen starta i strandkanten i Birkelund, nord på Tveita, og grunneigar Christer Stewart Aarbø hjelpte til med å få deltakarane av garde. Han følgde dei i båten sin til dei gjekk i land i Vik, etter ei symjeetappe på 280 meter.

Først i land var Geir Arne Solbakken, men det skulle etter kvart visa seg at han ikkje kunne halda følgje med dei beste på sykkeletappen frå Vik til Olstjødno. Først på sykkelen var Nina Aarbø Olsen, med Johannes Sandvik Bø hakk i hæl. Ungdommen sparte mykje tid på ikkje å ta seg tid til å kasta våtdrakta i reiskapshuset til Martin Vik.

Den unge 800-meterløparen Johannes var i klar leiing då dei tok av frå fv. 545 i Rimbareidfeltet. Men han hadde misforstått, og steig av sykkelen her. Dette tapte han mykje tid på, og blei innhenta av fleire konkurrentar. Far hans tok med seg sykkelen til Johannes, og dermed var guten med i løpet igjen. Om dette er i tråd med reglane, er me litt usikre på, men Bø senior og Bø junior tok i alle fall dei to første plassane i løpet.

Birken Triatlon Fitjar er kalla opp etter Birken, som heitte Jens Aarbø, og eigde Birkelund frå 1936 til han døydde i 1979. Han var grandonkel til noverande eigar, Christer Stewart Aarbø.

 

- Annonse -