Litt sommarfuglar i magen høyrer med for den som skal skrive seg inn på skulen. Dei borna som var samla på Øvrebygda skule i dag var både glade og litt spente.

Fleire av dei har sysken på skulen og er dermed litt kjende med større elevar. Rektor Sigbjørn Aarland ønskte born og foreldre velkomne og den høgtidlege innskrivinga gjekk føre seg i hallen. Elleve namn stod på rektor si liste, men ei av jentene var diverre forhindra i å vere til stades. Frå hausten av skal desse begynne i første klasse.

Borna fekk blant anna ein konvolutt med solsikkefrø. No treng dei hjelp til å så og stelle med planta etter kvart som ho veks. Så blir det spennande å sjå kor stor kvar solsikke vert innan skulestart.

I samtale med rektor gav borna uttrykk for at dei var godt orienterte og alle var modige til å følgje lærar Vigdis R. Leirvik inn i eit klasserom utan foreldra. Der skulle dei blant anna bruke blyant og bok som rektor hadde gjeve dei. Seinare var det tid for matpause. Bollar og saft stod klart på kjøkkenet. Tid til å leike litt høyrde og med på innskrivingsdagen.