Edith Helland og Kristi Rydland var to av rundt 85 skulekorpsmusikarar som verkeleg leverte i samspel med Brazz Brothers i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i kveld.

Annleis, men inspirerande, morosamt og inspirerande, smiler dei to til fitjarposten.no etter konserten. Og Jan Magne Førde i Brazz Brothers er ikkje mindre imponert over dei unge skulemusikantane frå Fitjar, Sagvåg, Langeland og Våge/Meling skulekorps.

– Det er kjempeflinke. Det er stor fare for at nokon av denne gjengen vert profesjonelle musikarar ein dag. Og det er bra, me treng det, seier Førde, som i tillegg til å spele med brass-brørne òg har skrive ei rekkje flotte komposisjonar.

Den av «brørne» som leia avdelinga med Brazz Brothers under konserten i kveld var derimot Jarle Førde. Ein humørfylt og artig kar som verkeleg fekk med seg publikum.

Og til tider svinga det skikkeleg i Kultursalen i kveld. Frå mjukaste mjuke soft-jazz-tonar tok Brazz Brother oss vidare via fyrrige latinske rytmar til ellevill afrikansk musikkglede.

Det heile slutta med flotte festmusikknummer der Brazz Brothers spela saman med korpsa. Og då publikum gav dei ståande applaus etter konserten, kom dei  inn igjen og leverte eit like spenstig ekstranummer. Også det i lag med dei unge musikarane. Alle fellesnummera utan bruk av noteark. Brazz Brothers spelar jo heile tida utan det, og no fekk dei unge medspelarane deira òg kjenna på gleda av å spela på denne måten.

– Spennande, syntes dei.

Alt i alt ei flott oppleving, og eit stort løft av det lokale korpset.

Me vonar budsjettet deira gjekk i pluss. Rundt 250 publikummarar var i alle fall ikkje noko dårleg frammøte.

Samstundes handlar dette om mykje meir enn pengar. Her opplevde unge musikktalent å få med seg inspirasjon og musikkglede som slett ikkje kan reknast i hard valuta.

Vel blåse – i dobbelt forstand!

Brazz brothers

Dei kjem frå Langevåg på Sula som ligg ut mot havet på nordvestlandet, i det sentrum av verda som er den norske utkanten. Dei starta den musikalske fergeturen sin ut i verda ved å skaffa seg ei solid klassisk musikarutdanning, men dei bestemte seg fort for å gå sin eigne vegar i eit musikalsk landskap som for dei er grenselaust, vidope, rikt og uendeleg stort. I løpet av sine imponerande 30 år i kontinuerlig rørsle har dei på reisa halde over 3500 konsertar i 35 land og gjeve ut 18 cd plater.

The Brazz Brothers består av to brødrepar på messinginstrument. Jarle Førde spelar trompet og flygelhorn. Det gjer òg Jan Magne Førde. Helge Førde spelar trombone. Runar Tafjord spelar waldhorn og Stein Erik Tafjord håndterer tubaen. Ein annan sunnmøring, Kenneth Ekornes, kommanderer no over trommene.

(Frå Brazz Brothers si nettside)