Fitjar Idrettslag feira Tone Brakedal og den flotte innsatsen hennar i UM med marsikankake og blomster i går kveld.

Som kjent hevda Tone Sandtorv Brakedal seg blant dei aller beste i sin årsklasse under UM i Bærum førre helg. Ho hadde ikkje klaff i favorittøvinga 60 meter, der ho normalt er ein klar nummer to i Noreg. Men ho fekk med seg heim ein sølv og ein bronse likevel. Best gjorde ho det på 60 meter flatt, der ho blei nummer to på den fantastiske tida 8,06. Tida oppnådde ho to gonger på same dag, og er ny personleg rekord.

I går kveld markerte Fitjar Idrettslag den flotte innsatsen med blomster og marsipankake. Etter friidrettstreninga samlast dei yngste utøvarane i møterommet på Fitjar kultur- og idrettsbygg. Om lag 30 unge i alderen 7 til 13 år fekk vera med og dela den svære marsipankaka som Ole Bergesen spanderte på vegner av Fitjar Idrettslag.

Leiaren i Fitjar Idrettslag, Simen Aarskog, overrekte ein flott blomsterbukett. Den stolte friidretttrenaren Bård Inge Bø fekk òg sin velfortente ros, og nytta høvet til å framheva dei flotte prestasjonane til Tone. Han er i ferd med å gå gjennom statistikken til Fitjar Idrettslag frå «tidenes morgon», og meinte Tone er den beste utøvren Fitjar har hatt sidan Arnar Bjordal for 20 år sidan. Bård Inge minte òg festlyden på innsatsen til Harald Sverre Breivik for over 40 år sidan.

Vonleg går det ikkje 20 år til neste gong Fitjar får fram ein utøvar på dette nivået. Iallfall ikkje om me skal dømma etter engasjemntet hos dei 30 unge som fekk vera med på kakefesten i går. Og Tone viser stadig framgang, så me har lov å sjå med forventning på framtida.

medical steroids