Overskrifta er no det offisielle namnet på den tidlegare brannstasjonstomta i Fitjar Sentrum.

Det er klart etter at resultatet av namnekonkurransen vart kunngjort under den offisielle opninga av plassen, onsdag 27. august.

Det var Gunn Marit Veka Maraas som vart vinnar av den konkurransen. Ho fortel til Fitjarposten at tanken om å kalle plassen opp etter Malvin Aarskog kom heilt naturleg.

– Uansett når me kom ned i bua til Malvin, gjekk ein alltid derifrå med eit smil om munnen. Malvin har humor utan like, og eit godt ord til alle han møter. Det er difor svært kjekt at plassen no får namnet «Blomster-Malvins plass», seier ho.

Malvin sjølv sa ikkje så mykje, men gav uttrykk for at han sette pris på avgjersla om å få denne plassen oppkalla etter seg. – Eg trur ikkje eg fatta det heilt med det same, seier han i ettertid. Det fattar derimot me andre, me som har møtt Malvin i bua gjennom dei rundt 30 åra han var der, svært godt.

Stilfull opning
Det vart elles ei stilfull opning med tuba-fanfare, snorklipping ved ordførar og bra med folk til stades då plassen vart opna. Ordførar og kultursjef delte vidare rundhanda ut roser til alle som på ein eller annan måte har gjort sitt for at plassen skulle bli ein realitet, frå arbeidet med dette starta i 2013.

– Dette er elles ein del av det som kom ut av at reiselivsgruppa i kommunen ville satsa på «å forskjønna sentrum», sa ordførar Wenche Tislevoll.

Det heile, inklusiv dugnad, har kosta rundt 400 000 kr, får me òg vite. Skiltet på pergolaen er laga av Toralv Røen

Ingressbilete: F.v. Kultursjef Bente Bjelland, Malvin Aarskog, Gunn Marit Veka Maraas, Toralv Røen og ordførar Wence Tislevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt