Kristoffer Grønmyr frå Brattvåg og Jarl Andreas Dybvik frå Ålesund er begge fysioterapi-studentar ved Høgskolen i Bergen. I dag vart dei takka med blomar.

 Studentane har dei siste elleve vekene hatt praksis i Fitjar kommune med Bård Inge Bø som rettleiar.

-Største delen av praksisen deira har vore pasientbehandling, men dei har òg leia ymse grupper på Sjukeheimen, i Havnahuset og i Fitjar Treningssenter. Dei har òg vore med på helsestasjonen sin 4-månaders kontroll, fortel Bø som karakteriserer studentane som fagleg flinke.

Fin attest fekk dei òg frå John Abotnes som til vanleg leiar treninga for pensjonsistgubbane som trenar tysdag og torsdag på Treningssenteret. Her har studentane hatt ansvar for delar av treninga dei siste vekene. Abotnes takka med gode ord og blomar.

Dei to ungdomane sette tydelegvis pris på det, og fortel ti fitjarposten.no at dei  synest perioden på Fitjar har vore kjekk og lærerik. 

No ventar eit år til med med skule, og eit turnusår, før dei for alvor kan ta fatt som fysioterapeutar.