Fotballgruppa i Fitjar IL hadde årsavslutning fredag kveld med ros og blomar til ivrige eldsjeler.

Leiaren i fotballgruppa, Per Thorland, sparte verken på blomane eller rosen under gårsdagens fotballfest. Han sørgde for at trenarar og oppmenn og andre tillitsfolk i ulike posisjonar fekk sin velfortente heider. Særleg hadde han mykje godt å seia om det store trenarkorpset, som held bortimot 250 fotballspelarar i aktivitet store delar av året.

A-laget for menn har hatt ein bra sesong, og enda på 6.-plass i 5. divisjon. I år har saknet av ein notorisk måljeger vore stort, og årets toppscorar blei Jan Åge Tislevoll, med seks mål. Diverre har han vore bortreist mesteparten av sesongen. Årets mest framgangsrike spelar, blei Andreas Torland, medan utmerkinga «Årets spelar» gjekk til Kjell André Thorland. A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker sa i grunngjevinga si at Kjell André alltid er på trening, og alltid er å stola på. A-lagstrenaren hadde elles mykje godt å seia om dei mange unge spelarane sine, og vonar at dei vil ta vidare skritt framover, slik at Fitjar om eit par år kan vera å finna litt lenger oppe i divisjonssystemet.

Det laget som har gjort det best i år, er toarlaget, som vann bedriftsserien. Me berre eitt tap, to uavgjorte og resten sigrar, kom dei seg gjennom sesongen på imponerande vis. Lagleiar Rune Skumsnes fekk blomar på vegner av laget, og var full av lovord om miljøet i laget.

Om lag 50 deltakarar på festen kunne slå fast at fotballgruppa er ein organisasjon med eit godt aktivitetstilbod til ungdommen i Fitjar. Miljøet over heile linja har vore godt, og fotballfolket ser alt med forventning fram mot neste sesong.