Ein av dei nye representantane i Fitjar kommunestyre vert Ole Bergesen. Svært kjent som revyartist. No skal han prøve seg som politikar. Les kva han tenkjer om det. Foto: FP-arkiv/HCH.

 

– Eg sette meg på ei liste, vart valt inn – og tek konsekvensane av det.

Og eg trur det blir spennande.

Om eg har jobba mykje med revy, har eg òg jobba mykje med kultur og idrett.

Eg er oppteken av at Fitjar skal vere ei levande bygd der det skjer mykje – og ei bygd som er ein god plass å bu i og vekse opp i.

Då handlar det sjølvsagt om skule og helse, men òg mellom anna om nærmiljøanlegg som kan skape trivsel, seier Bergesen til fitjarposten.no.