11 aspirantar og juniorar frå Fitjar skuleskorps, saman med 13 musikantar frå Stord, hadde kjekt seminar på Hystad skule frå fredag til laurdag denne helga.

Mange hadde med spenning sett fram til denne første overnattinga vekke frå mor og far, andre hadde vore med før og synte stor gjensynsglede då dei møtte musikantane frå den andre sida av øya.

Dagane var fylt med mange timar med øving med fokus på trening av gehør, pizza, leikar og spel, godnattsamling, overnatting på flatsenger i klasserom og til slutt konsert for foreldre og andre interesserte.

Det var ein trøtt, men svært fornøgd og glad gjeng som pakka ned instrument og soveposar laurdag ettermiddag. Det var ikkje berre dei unge musikantane som strålte, dei vaksne leiarane var og svært godt nøgd og skrytte av ei utruleg kjekk helg saman med mange kjekke born.