MF Husavik trafikkerer sambandet Husavik–Sandvikvåg. Foto: Kjetil Rydland.

For å avgrensa Korona-smitte ber Ferjeselskapet Fjord1 passasjerane på ferjene sine bli sitjande i bilane under overfart.

Fjord 1 opererer blant andre sambanda Husavik–Sandvikvåg, Ranavik Skjersholmane og Jektavik–Nordhuglo–Hodnanes.

Selskapet ønskjer å avgrensa smittefaren på sambanda sine. Derfor ber dei alle passasjerer om å følgja «Forebyggende råd på reisen» utgitt av Folkehelseinstituttet. 

Vidare oppmodar dei alle passasjerer som kjem med bil eller buss om å bli sitjande i bilen eller bussen under overfarten.

– Forlat bil eller buss berre for heilt nødvendige ærend eller etter beskjed fra mannskapet! skriv dei på nettsidene til Fjord1. Tusen takk for at du viser hensyn!