Haugaland og Sunnhordland politidistrikt minner i ei pressemelding om bruk av refleks og sykkellys.
– Berre 29 prosent av vaksne brukar refleks, og det er eldre fotgjengarar som er høgast representert på ulykkesstatistikken, skriv dei og minner om at Trygg Trafikk har meldt at bruk av refleks reduserer risikoen for å bli påkøyrt i mørkret med 85 prosent. Så bruk refleks når du ferdast i mørkret, oppmodar dei på det sterkaste.

Sykkellys
For syklistar er det eit absolutt krav om bruk av refleks og lys på sykkel når det er mørkt ute eller ved dårleg sikt. Kravet er kvit eller gul refleks på begge sider av kvar pedal, raud refleks bak på sykkel, pluss kvitt/gult lys frampå sykkelen og raudt lys bak på sykkelen.

Brot på regelverket kan straffast med bot på 900 kroner.