Per Audun Kloster i spissen for 40 spreke seniorar gjennom opninga bøgarden under seniortur til Landasåto før jul i fjor. Foto: FP-arkiv/KR.

I slutten av august startar Stord Fitjar Turlag opp att med seniorturar frå Fitjar, og Per Audun Kloster vonar flest mogleg blir med.

I vår begynte Stord Fitjar Turlag med faste seniorturar frå Fitjar. Dette har vore særs vellukka, og no har Turlaget sett opp program for haustsesongen, melder Per Audun Kloster.

Han fortel at det blir sju seniorturar utover hausten, den første onsdag 28. august. Om ikkja anna er sagt, er det oppmøte for turane på parkeringsplassen ved Fitjar bedehus kl.10.00. Det blir tur annankvar onsdag i septemberl, oktober og november, og den siste seniorturen før jul blir onsdag 20. november. Programmet ser slik ut:

Onsdag 28. august: Gloppo, Tveitevågen, Kjærlighetsstien
Lett tur på 2,5 timar. Kjentmann er Johannes Lars Tufteland og turleiar Toralv Røen telefon, 938 64817.

Onsdag 9. september: Mosavatnet
Start frå Olstjødno. Følgjer vegen til Svartavatnet. På sti langs Svartavatnet og til Mosavatnet. Middels tur på ca. 3,5 timar. Kjentmann blir Arne Devik og turleiar Per Audun Kloster, telefon 957 43190.

25. september: Skomakarnibba i Vikedal
Køyretid ca. 1 time og 45 minutt i privatbil til Vikedal. Start frå garden Ørnes. God og merkt sti opp lia, litt bratt. Rundtur på Balaheia med avstikkar til Skomakarnibba. 300 meter over havet, eit spektakulært utsiktspunkt. Middels tur med gangtid på ca. 2,5 timar. Avreise frå p-plassen ved bedehuset kl. 09.00. Turleiar Per Audun Kloster, telefon 957 43190.

Skomakarnibba i Vikedal bli det mest eksotiske turmålet for fitjarseniorane i haust. Foto: Privat.

9. oktober: Dalshaugane, Sørlivatnet, Melen
Start frå Dalshaugane. Turen går på traktorveg og sti til Sørlivatnet. Tilbaketuren over Melssåto, høgaste punktet i Melen. Middels tur på ca. 3 timar. Kjentmann er Oddvar Volden og turleiar Per Audun Kloster, telefon 957 43190.

23. oktober: Stongarvågen rundt, Rubbestadneset
Lett terreng, delvis grusa stiar. Lett tur på ca. 2 timar. Turleiar blir Toralv Røen, telefon 938 64817.

6. november: Olstjødno, Beinatjønnsvarden, Kjeringjo
Start frå Olstjødno. Rundtur på Fitjarfjellet. Middels tur på ca. 2,5 timar. Turleiar blir Per Audun Kloster, telefon 957 43190.

20. november: Kalveid, Vestbøstad, Kråko
Lett tur på ca. 1,5 timar. Turleiar blir Ellen Vestbøstad, telefon 913 97234.