Barnas turlag inviterer til fjelltur i Fitjarfjellet førskomande søndag.

Søndag 25. april vert det tur til Botnavatnet og Klovskarvatnet. Dei som ynskjer å vera med Barnas turlag på tur må møta opp ved Dalshaugane mellom klokka 12.30 og 13.00. Turen er 7-8 kilometer, og går frå Dalshaugane til Botnavatnet, vidare til Klovskarvatnet og ned igjen til Dalshaugane. Dei som ynskjer ein kortare tur kan t.d. snu ved Botnavatnet (etter 3 km.) og gå ned same vegen ein kom opp. Det meste av turen er på sti, melder Rolf Atle Rolfsnes i Barnas turlag, men stien er til dels ganske våt. Siste del er på skogsveg. Det vert delt ut kart og det vert postar med spørsmål langs heile ruta. Ved Botnavatnet vert det matpause og premieutdeling. Alle må ta med mat og drikke.

Kontaktperson er Rolf Atle Rolfsnes,  tlf 915 13 024. Du kan og lesa om turen på heimesida til turlaget her.