Johanne Øvstebø Tvedten ved open dag i fjor. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

På søndag vert det gudteneste, søndagsskulens dag og museumsdag på Årskog Museum.

– Søndag 1. september er Årskog museum staden å vera, melder kultur- og informasjonssjef, Bente Bjelland i ei pressemelding. Fitjar kommune har fått med seg ei rekke av organisasjonane i bygda på laget, og hendinga kan skilta med både Fitjar husflidslag, Fitjar bygdekvinnelag, Fitjar sokneråd, Fitjar kyrkje, søndagsskulen og Fitjar ungdomsråd som arrangør.

– Gudstenesta byrjar kl. 11.00. Sidan det er meldt litt regn er me så heldige å få lov å halde gudstenesta i det store flotte reiskapsskjulet til Svein Årskog og Kristian Skumsnes, som er rett forbi museet.

Her vert det rigga opp benkar og bord til føremålet. Roald Drønen held Gudsteneste og Harald Rydland står for musikken.

– Hugs regnkler og godt humør, fortel Bente Bjelland, som vidare fortel om programmet etter gudstenesta.

Denne gjengen er klare til å gje deg ei kjekk stund på museet på søndag.

– Frå kl.12.00 til 16.00 vert det ope museum med aktivitetar for store og små i regi av Sunnhordland museum, søndagsskulen og ungdomsrådet. Det vert både leikar og eplekranslaging.

Fitjar husflidslag demonstrer husflidsteknikkar og tradisjonen tru vert det også i år høve til å få lage sitt eige hoppetau i løa. Dei vert ogso minikurs i strikking av «Fitjarkastet» som er sjalet som høyrer til den staslege Fitjarbunaden.

Heidi Liarbø skal vise korleis ein vever på den tradisjonelle Oppstadveven i magasinet i kjellaren på barnehagehuset.

- Annonse -

Medan Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland museum skal ha forteljarstund i løa: «Han Sivert» – barndomsforteljing frå Fitjarøyane.

Fitjar bygdekvinnelag har kafé i reiskapskjulet. Det vert servert betasuppe, kaffi og kaker. Det vert og høve til å smake flatbrød med nykidna smør.

– Så her er det lurt å hugsa kontantar til kafeen, og inngangspengar, skriv Bjelland.

Inngangsbillett kr. 50,- pr. person. Familiebillett kr. 150,-.

NB! Parkering på industriområdet på Årskog. Årskog barnehage sin parkeringsplass skal nyttast til avstiging.