Tore Sigurd Fitjar har brukt laurdagen på å grava nokre hundre meter kabelgrøft frå Olstjødno og oppover. Foto: Kjetil Rydland.

Oppmodinga kjem frå Tore Sigurd Fitjar, som i går grov kabelgrøft til lysløypa som skal gå frå Olstjødno til Svartavatnet.

Dugnadsarbeidet med den to kilometer lange lysløypa er i gang. Tore Sigurd Fitjar seier til Fitjarposten at han håpar å få jobben gjort så snart som mogeleg. Me nærmar oss vinter, og frosten kan koma på oss før me veit ordet av det. Derfor brukte han heile laurdagen på å grava kabelgrøft langs vegen frå Olstjødno og oppover.

Han fortel at fleire store entreprenørar i bygda velvillig har stilt maskinar og utstyr til rådvelde. No vonar han at vanlege folk vil vera like velvillige, og melda seg til innsats. Tore Sigurd Fitjar står i bresjen for arbeidet saman med Harald Rydland i Fitjar fjellsameige og Geir Tore Søreide.

– Meld deg gjerne til Geir Tore Søreide, eller ein av oss andre, dersom du har høve til å vera med på dugnad! oppmodar Tya.

Der er Stord Fitjar Turlag som står som utbyggjar av anlegget, men Fitjar kommune skal overta anlegget når det er ferdig. Då vil kommuen vera eigar av anlegget og ha ansvaret for vedlikehald. Men dette kan arbeidet kan kommunen gjera avtale med andre om å få gjort.

Det går an å gjera jobben etappevis, seier Tya, og gjera lysløypa ferdig opp til gapahuken i første omgang dersom det teiknar til å bli tidleg vinter. Men no gjeld det å komma i gang og få gjort mest mogleg på kortast mogleg tid! seier den travle bonden frå Fitjargarden.

Tore Sigurd Fitjar trivst godt bak spakane i gravemaskinen, men det vil etter kvart bli bruk for fleire dugnadsfolk, seier han. Foto: Kjetil Rydland.
Her står fundamenta til lysstolpane. Foto: Kjetil Rydland.
Oppe ved gapahuken ventar kabelen til lysløypa. Foto: Kjetil Rydland.