Diakoninemnda arrangerer tur for alle som har lyst til ei utflukt på heimlege trakter.

Dei som vil vere med møter i Fitjar kyrkje tysdag 16. september klokka 10.00, der det vert omvising og andakt. Etterpå køyrer ein Tide-buss opp til vindmølleparken. Johannes Koløen blir med som guide, eit oppdrag han har hatt for svært mange reisefølgje. – Oppe på fjellet tek me kaffipause med heimebakst, og då håpar me på fint ver, fortel Sølvi Aarbø, som er medlem i diakoninemnda. Turen endar ved Fitjar Fjordhotell kl 14.00.  – Då gler me oss til ein god komlemiddag med dessert og kaffi, seier Sølvi, og legg til at det truleg blir litt program også.
Turen er open for alle. Påmelding til kundetorget i rådhuset (tlf. 53458500) seinast tysdag 9. september. Pris 500 kroner per person. Følg med på plakater som vert sett opp rundt om i bygda.

Foto frå Midtfjellet ved Sølvi Aarbø

ANNONSE