Ordførar Harald Rydland er ein ekte fjellmann, her på toppen av Mehammarsåto med turvenen Kasper. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

I neste veke – frå 5. til 13. september – blir folk over heile landet inviterte til å vera med og feira friluftslivet, og Fitjar-ordførar Harald Rydland har lyst å få folk med seg på tur.

– I samband med den nasjonale Friluftsveka 2020, vil eg vera med på å fremja friluftslivet med eit par lokale turar i Fitjar, skriv Harald Rydland i ei pressemelding og held fram: – Eg håpar folk har lyst til å vera med på tur. Skulle det regna, kler me oss etter vêret. Dei to turane me vil leggja ut på er desse:

Tur til Fitjarhesten sundag 6. september kl. 11.00

På sjølvaste «Kom-deg-ut-dagen» går turen til Fitjarhesten på 678 moh, som for ikkje lenge sidan vart stadfesta som det høgaste punktet i Fitjar kommune. Turen er i samarbeid med Stord-Fitjar Turlag. På Fitjarhesten blir det ei markering med namneseremoni, skilting og heider til vardebyggjarar og andre. 

– Turen er vel 7 km kvar veg og ikkje av dei lettaste. Difor bør ein vera i nokolunde form for å vera med på turen, understrekar ordføraren, og ber oss ta med gode klede og rikeleg med niste. 

Turen startar frå parkeringsplassen ved Olstjødno kl. 11.00. Då bør me vera heime att i skapeleg tid.

Stolpejakt-tur rundt Fitjar sentrum onsdag 9. september kl. 18.00

I kveldinga neste onsdag vert det ein liten Stolpejakt-tur rundt Fitjar sentrum, i samarbeid med Fitjar Idrettslag. Å driva stolpejakt med mobiltelefonen er ein fin måte å komma seg ut på, og det opnar for å komma til stader i nærmiljøet som ein ikkje har opplevd før. 

Onsdag kveld vil me ta ein tur på vel ein time for å jakta på stolpar, der nokre av deltakarane gjerne kjem til stader dei ikkje har vore før. Dette vert ein lett tur som vil passa for dei aller fleste, og ordføraren lovar at det vert god tid til drøs og historieforteljing undervegs. Vandringa startar frå parkeringsplassen ved kyrkja/bedehuset kl. 18.00 på onsdag.

Sjå heimesida til Friluftsveka

Det er paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv som står bak dette landsdekkjande arrangementet.

Turane vil verta kunngjorde av Friluftsrådet Vest gjennom annonse i Bladet Sunnhordland, og dei vil verta lagde ut på heimesida til Friluftsveka.

Fitjarhesten, med ny varde på toppen, vender baken mot Stord og Mehammarsåto. Foto: Kjetil Rydland.