Arkivfoto

Den nye fløya på Fitjar bu- og behandlingssenter er no i bruk, og personell og pasientar byrjar å finna seg til rette.

Den nye avdeling for demente består at 11 bueiningar på 29 m2 med eigne bad.

– Det er investert i velferdsteknologi. Toalett og servant har høgdejustering, som minkar belastninga på tilsette og brukarane. I nybygget inngår eit atrium; ein grøn oase med glastak, melder teknisk sjef i Fitjar kommune Randi Karin Habbestad.

Engelsen Bygg har vore totalentreprenør.

– Me har fått ei fin avdeling med store, gode rom og bad. Det er fine farger på romma og i fellesareala. Me har fått eit fint og funksjonelt avdelingskjøkken, og me er veldig nøgd med atriet. Me gler oss til alt er ferdig og ta heile avdelinga i bruk, fortel Marte Kristin Vestbøstad Maraas.

Sjå bilete frå den nye delen under. Alle foto: Kari Bjelland Vik/Fitjar kommune si facebookside