Geir Tore Søreide er klar til dugnad, og håpar mange vil vera med! Foto: Ingrid Hovstad

Treng kvinner og menn til dugnad ved Sørlivatnet.

Sjølv om Geir Tore Søreide har blitt pensjonist har han ikkje tenk å roa ned enda. No skal han leia ein dugnad for Stord/Fitjar turlag, og ber folk hiva seg med på laurdag(26.).

– Me møtes kl.10 ved Dalshaugane. Me skal fiksa sti og byggja nye bruer, det trengs på dei våte partia. Materiellet har Lars Rydland vore so venleg å takka ja til køyra opp i forkant. Takk til han, fortel Søreide.

Søreide fortel at dei no ynskjer å få nytt liv i ein gamal sti til Aravatnet.

– Denne stien er i dag lite nytta, men no håpar me å blåsa nytt liv i den.

Han håpar difor at mange kvinner og menn kan, og vil vera med på dugnad.

– Det er viktig å legga til rette for turgåing. Difor ynskjer me ogso å setja opp nye informasjonstavler her på Dalshaugane. Ta turen som er foreslått på dagens tavle til dømes; Klovskarfjedlet – Melen, ein krevjande og lang tur. Ikkje akkurat veldig oppmuntrande for nybyrjarar.

– Neste mål må vera å sjå om det er mogleg å laga ei fin løype vidare til Gavlavatnet og vidare til Seterbøfjellet. Det er ein fin tur, avsluttar Søreide.