Orda ovanfor kjem frå kultursjef Bente Bjelland. Saman med Liene Tolka på Kulturkontoret oppmodar ho fitjarungdom mellom 10 og 20 år til å melde seg på UKM. Dei har god tru på at fitjarungdom vil gå vidare. Påmeldingsfristen er sett til 25. januar, og ein kan melde seg på gjennom nettet (UKM.no) eller ved å ringje eller sende sms til mobil: 476 86 208.

Ein treng ikkje kunne syngje eller spele for å vere med. Ein kan delta med litteratur, kunst, dans og meir til óg.

I fjor hadde Fitjar Lene Tufteland med i domarpanelet. I år er Ragnhild Prestbø vår representant. Ingvild Oma frå Fitjar gjekk vidare i konkurransen i fjor. Kanskje blir deg deg i år?